«Zzznork! – om narkolepsi og andre søvnsykdommer» handlar mest om narkolepsi, men fortel på lettfatteleg vis om utfordringar og potensial. Zzznork! er i stort pocketformat med god layout, fine illustrasjonar og dikt, og ein ABC som forklarer fagtermar.

Forfattaren Mariann Youmans har tidlegare skrive rettighetsbok for dei under 18 år, og bok om ungdom og diagnosen AD/HD og om pubertet. Ho er manusforfattar, og det gjer at ho fangar opp historiane og får ut essensen. Det er styrken hennar. Youmans klarar det utrulege når ho famnar om kompliserte diagnosar, rettar, svineinfluensa, skule, arbeid, førarkort, graviditet, medisinar og tilrettelegging på berre 185 luftige sider.

Youmans er ikkje redd for humor. Ho, og ungdommane, er truverdige og oppdaterte når dei snakkar om sexliv, vener og sosiale medie. Intervjuforma ber oss gjennom alle tekstane, og saman med godt design blir reisa i Zzznork! fattbar og tankevekkande. Dette er god formidling. Som Youmans sjølv skriv i forordet om ungdommane: «Dere er tøffere enn toget.»

Fråsegner frå legar, rådgjevarar og pedagogar gjer at Zzznork! også treff pårørande og fagfolk. Gode tekstar med lenge sakna råd til skuleeigarar og pedagogar gjer Zzznork! nyttig også for PPT og skulefolk. Frå Statped har Hedda Ekstrøm bidratt.

Vi vonar boka blir tilgjengeleg i vanleg sal. Kan vi tru at nokre av tekstane kjem gratis på nett etter kvart?

Foreningen for søvnsykdommer, Nasjonalt kompetansesenter for AD/HD, Tourettes Syndrom og Narkolepsi og forfattaren har laga boka på Extra-midler på eige forlag. Boka vil sannsynligvis være tilgjengelig fra Foreningen for Søvnsykdommer i løpet av høsten 2012.

Se www.soevnforeningen.no, tlf.: 48 28 03 83.

Les også

Intervju med Mariann Youmans

Søvnsykdommer – moderne utredning og behandling. Bok.